Stortingsrepresentant
(Det norske Arbeiderparti)
Stortinget
Innlegg 1 av 50
Materiale er sendt ut på forhånd. Det kom først i går ettermiddag, men jeg håper at man har fått anledning til å lese gjennom det. Jeg vil be handelsministeren redegjøre for situasjonen, i tilknytning til det omsendte materialet.
Det notatet frå Regjeringa som vart delt ut til komiteens medlemar i går, gjev ei relativt fyldig oversikt over stoda i forhandlingane akkurat no og det forhandlingsopplegg vi frå norsk side vil freista å følgja framover. Eg skal derfor her avgrensa meg til å gjeva ein del supplerande og forklårande opplysningar. Lat meg først streka under at forhandlingane fram til no i det store og heile har gått etter den timeplan vi hadde rekna med. Det er òg grunn til å streka under at forhandlingsklimaet er normalt. Det finnest etter vårt syn ikkje grunnlag for å nytta uttrykk som «krise i forhandlingane», slik som ein einskilde gonger har sett det har vore gjorte i pressa. Men samstundes er det klårt at vi no raskt nærmar oss eit punkt der vi må taka endeleg stode til om ei avtale basert på mandatet av 5. februar vert ei akseptabel avtale, eller om vi er tente med å freista å forbetra forhandlingsgrunnlaget gjennom ei ny handsaming i Ministerrådet, sjølv om det nødvendigvis må føra til at forhandlingane strekkjer seg utover den 1. april, med dei ulemper det inneber. Det framlegget til mellombels løysing av problemet når det gjeld opphavsreglar for Finlands og Norges vedkomande, som no er under slutthandsaming i Kommisjonen, tek hand om det vesentlegaste av dei problema som reiser seg i samband med dette å forhandla etter den 1. april. Det lettar sjølvsagt i nokon monn valet. Det kan òg nemnast at det frå kommisjonshald har vore gjeve uttrykk for at dei forstår at det frå norsk synspunkt for einskilde spørsmåls vedkomande kan verta turvande å freista å få dei fram for Rådet på nytt. Som det er gjort greie for i notatet, er Regjeringa innstild på å oppnå ny rådshandsaming for eit sterk avgrensa antal meir vitale problem, der avstandet mellom det vi meiner bør kunna oppnåast, og det noverande tilbod er for stort, og der det synest vera vanskeleg for Kommisjonen å etterkoma våre ønske i tilfredsstillande monn. Ut frå dagens stode synest det å verta problemet med råaluminium, eventuelt og aluminium halvfabrikat, og problema på fiskerisektoren. For råaluminium er mandatet så konkret forma at det ikkje synest gjeva rom for reelle forhandlingar i det heile utan å bringa Rådet inn på nytt. Og på fiskerisektoren synest og Kommisjonen å oppfatta sitt mandat så sterkt restriktivt når det gjeld kva for vareslag som bør koma med, at ein på det punkt og truleg må gå om Rådet skal ein ha von om å få tilfredsstillande bevegelse i forhandlingane. Det ligg i dette opplegget at ein før rådsmøtet, det vil seia under forhandlingane fram til og med plenumsmøtet den 23. mars må freista å rydda opp i - det vil seia oppnå semje om - helst alle dei andre spørsmåla som er involverte, men då slik at det for einskilde viktigare spørsmål sitt vedkomande kan koma til å liggja slik til rettes at det kan vera føremålstenleg å skyta også dei ut til fornya rådshandsaming. Aluminium halvfabrikat er som nemnt eit døme på eit slikt problem. Det er i notatet gjort relativt detaljert greie for stoda for den einskilde «følsomme» vare, og eg nøyer meg her med å visa til det som der er sagt. Skulle der vera punkt som komiteens medlemar ønskjer nærare klårlagde, er eg innstild på å svara på spørsmål så langt som eg emner å gjera det. Derimot vil eg seia nokre få ord om stoda for så vidt gjeld plafondar meir generelt. Kommisjonens framlegg til plafondar vart for dei aller fleste varers vedkomande der plafondar er aktuelt, lagt fram for den norske forhandlingsdelegasjon tidlegare i denne veka. Stort sett synest desse plafondar å vera fastsette i samsvar med dei retningsliner som vart nytta ved utforminga av plafondordningane i dei andre avtalene, det vil seia at dei er baserte på ein referanseperiode, 1968-1971, med visse prosentvise tillegg. Generelt sett kan dei ikkje seiast å vera direkte utilfredsstillande. Men der er klåre unntak frå ein slik generell karakteristikk. Det klåraste unntaket er aluminium halvfabrikat, der dei generelle retningslinene slår særs uheldig ut med den stigningstakt som det har vore i eksporten av dette produkt. Også for viktige posisjonar m.a. innan ferrolegeringssektoren, men spesielt i papirsektoren har plafondane vorte for låge. Det vil derfor måtta koma til å verta ei særs sentral oppgåve under drøftingane med Kommisjonen i dagane framover å freista å få forbetra plafond-tilbodet. Spesiell vekt må då leggjast på papirsektoren. Her har som kjent vårt prinsipale utgangspunkt vore ei planfondlaus overgangsordning, men ein må no sjå i augo at ein ikkje vil kunna vinna fram etter den vegen. Arbeidet må derfor konsentrerast om å få plafondar som verkar minst mogleg hemmande ut frå strukturen og framtidsperspektiva i papirindustrien vår. Så nokre få ord i tilknyting til tilbaketrekkingslista. Om det reint generelle synspunkt i samband med den, viser eg til det som er sagt i notatet. Det var inntil i går vår føresetnad at lista skulle leggjast fram for Kommisjonen måndag som kjem, altså etter at ein hadde hatt høve til å vurdera saka på bakgrunn av dei råd og synspunkt ein måtte få her i komiteen. Men etter at generaldirektør Wellenstein i går hadde meldt frå at det kunne føra til ei forsinking på inntil ei veke, fann ein å måtta gjeva løyve til å oversenda lista til Kommisjonen alt i går ettermiddag. Lista var elles under kontinuerleg bearbeiding av delegasjonsmedlemar og industriekspertar så seint som i går, og omfatta då ho vart oversend til Kommisjonen i går, vel 20 pst. av den samla industriimporten frå «Dei seks», medan Fellesskapets eiga tilbaketrekkingsliste femner om 38-39 pst. av vår eksport til «Dei seks». Komiteen skal no under møtet få utlevert kopi av tilbaketrekkingslista. Ho vart telegrafert heim i går kveld og er omsett til norsk i dag. Til slutt nokre få ord om fiskerisektoren og landbruk. I notatet er det sagt at vårt aktuelle forhandlingsmål er «meget vesentlige tollreduksjoner for dypfryst fiskefilet og pillede reker» og «en vesentlig tollreduksjon for hermetikk». Konkretisert i tal meiner ein med dette ein reduksjon med 75 pst. for filet og reker og over 50 pst. for hermetikk. Når det gjeld landbrukssektoren, syner eg til dei to dokument som er sende komiteens medlemar. Som det vil gå fram av desse, er dei for så vidt gjeld den prinsipielle oppbygginga, like, men det er atskilleg skilnad når det gjeld den einskilde detalj. Ein reknar likevel med at det no vert råd å arbeida seg fram til semje her, slik det også er sagt i notatet.
Stortingsrepresentant
(Det norske Arbeiderparti)
Stortinget
Innlegg 3 av 50
Jeg takker handelsministeren for redegjørelsen. Før komiteens medlemmer slipper til, vil jeg spørre om statsministeren eller andre regjeringsmedlemmer har noe å tilføye til det som handelsministeren har sagt.
Nei, ikke utover notatene her.
Det var bare dette problemet med å vurdere om det er fornuftig å sende en del problemkompleks tilbake til Rådet med den risiko at det vil gå noe lengre tid utover april før det hele er klart. Jeg ville sette pris på om handelsministeren ville utfylle litt den problematikken. Jeg forstår nå at med en del ordninger som det er omforening om, vil ikke problemene bli så store som før, men dersom det er mulig, ville jeg sette pris på litt konkretisering av hvilke ulemper som følger av at avtalen ikke kan komme i stand så tidlig som det ville vært mulig etter den opprinnelige plan.
Stortingsrepresentant
(Det norske Arbeiderparti)
Stortinget
Innlegg 6 av 50
Vil handelsministeren svare med det samme?
Ja, det kan eg for så vidt gjera. Det problemet som har vore rekna for å vera absolutt størst i samband med den situasjon at vi ikkje har rettskraftig avtale den 1. april, er dette med opphavsreglane; dette med at Norge i så fall ikkje ville vera klassifisert som opphavsland, noko som ville få konsekvensar både for samhandelen med Fellesskapet og for samhandelen med EFTA-landa. Dette problemet vart reist overfor Fellesskapet på eit tidleg tidspunkt i forhandlingane, og saka har vore drøfta med Fellesskapet meir på det tekniske planet. Dette problemet har vi felles med Finland fordi det no er klårt at Finland ikkje kjem til å ratifisera avtala innan den 1. april. Vi har det vel også felles med Island. Vi er orienterte om at Fellesskapet arbeider med ein såkalla oppsamlingsforordning, som no er under slutthandsaming i Kommisjonen. Hovudinnhaldet der er at Finland og Norge skal erklærast for å vera opphavsland med verknad for den tida som går fram til avtalene med dei to landa vert ratifiserte, men ikkje utover den 31. desember 1973. Det skulle då sikra at vi får same handsaming for så vidt gjeld opphavsreglane, som dei andre EFTA-landa får. Det andre problemet som oppstår, er tollnedtrappinga. Den byrjar den 1. april. Frå Fellesskapet si side er det gjeve uttrykk for at i den augneblink forhandlingane er sluttførte, slik at det ligg føre parafert avtale, er dei innstilde på på gjensidig basis og autonomt, som det seiest, å setja tollnedtrappinga i verk. Det er då eit spørsmål som kjem opp seinare, men vi har forstått det slik at det er eit uttrykk for Fellesskapet si haldning. Det siste spørsmål er vel ikkje av dei absolutt store. Den utsetjinga som vi reknar med vert konsekvensen av ei fornya rådshandsaming av ein 2-3 spørsmål den 2. og 3. april, vil etter vår oppfatning verta av avgrensa varigheit. Dersom det går slik som vi har rekna med, at vi får rydda unna - for å bruke det uttrykket den store mengda av spørsmål før den 1. april, og får konsentrert det som står att, om 2-3 spørsmål, må ein rekna med at når dei sakene har vorte handsama i Ministerrådet, vil resten av forhandlingane vera relativt raskt unnagjord. Vi kan derfor rekna med at utsetjing iallfall avgrensar seg til tida fram til påske.
Handelsministeren uttalte at forhandlingene fram til nå har gått etter planen, og at klimaet var normalt. Jeg kan ikke huske annerledes enn at det stadig er blitt utsettelser med forhandlingene, og nå er det jo spørsmål om man skal bringe mandatet inn for Rådet igjen. I den forbindelse vil jeg komme tilbake til det vi har vært inne på tidligere her i komiteen, nemlig tilbaketrekkingslistene fra Norge. Her har, så vidt jeg skjønner, Norge presset og presset på tilbudet fra EF og ikke lagt fram noen tilbaketrekkingslister før nå etter diverse purringer. Jeg kan ikke se det annerledes enn at det er en nokså usedvanlig forhandlingsmåte, og hvis EF skulle ta dette alvorlig, må jo de bruke tid igjen til å gå gjennom disse tilbaketrekkingslister hvis det overhodet skal spille noen rolle ved forhandlingene. Jeg har tidligere spurt hvorfor man har holdt dette tilbake. Man har, så vidt jeg skjønner, ikke kunnet benytte seg av den - skal vi si - fordel under forhandlingene som tilbaketrekkingslistene kunne bety. Når det gjelder å bringe Rådet inn igjen nå, er det umulig for oss å vite hvordan det ligger an, men etter det inntrykket jeg har fått både tidligere og av det vi har fått høre her nå, ser det ut som at det hele har låst seg temmelig godt fast. Jeg har lyst til å høre: Når kan denne saken nå ventes å komme fram for Stortinget? Så var det et spørsmål når det gjelder jordbruksforhandlingene. Der står det i det ene av de dokumentene vi har fått: «Uoffisiell oversettelse til norsk av EF’s reviderte krav om ensidige norske innrømmelser». Vil det si at det bare er EF som skal få lov til å sende jordbruksvarer til Norge, eller har Norge noen mulighet for å eksportere bær, frukt og grønnsaker utenom sesongen i EF, men hvor vi altså kan ha sesong? Ellers var det et spørsmål fra forrige gang om frossen fiskefilet. Hva ligger i det uttrykket? Er det bare ubearbeidet frossen fiskefilet, eller er det mer foredlede, gryteferdige varer?
Stortingsrepresentant
(Det norske Arbeiderparti)
Stortinget
Innlegg 9 av 50
Ønsker handelsministeren å svare på disse spørsmålene med det samme?
Ja, det kan eg gjerne gjera.
Da har handelsministeren ordet.
Først når det gjeld tidspunktet for å leggja fram tilbaketrekkingslista. Når det tidspunktet har kome så seint i forhandlingane, er det av to grunnar. For det første så starta vi prinsipalt med å meina at vi ikkje skulle ha noka tilbaketrekkingsliste. Vi hadde prinsipalt som utgangspunkt at ingen av partane skulle ha tilbaketrekkingslister, og dernest at vi ville vurdera spørsmålet om vi skulle leggja fram ei tilbaketrekkingsliste når vi fekk ei kjensle av korleis tilbaketrekkingslista frå Fellesskapet ville verta. Det var først denne veka at Fellesskapet kom med sine plafondforslag. Det var først då vi fekk eit klårt bilete av korleis tilbaketrekkingslista frå Fellesskapet kom til å sjå ut. Unntak var sjølvsagt plafondane for aluminium, som vart fastsette av Rådet, og som derfor Kommisjonen seier ikkje er forhandlingsobjekt i det heile på kommisjonshald. Så var det spørsmålet om når ein kan rekna med at saka kjem fram for Stortinget. Det er sjølvsagt avhengig av når forhandlingane er avslutta. Vi reknar no med at forhandlingane i alle høve vil verta sluttførte før påske. Så er det spørsmål om kor lang tid det tek å skriva dei nødvendige stortingsdokumenta. Det arbeid er påbyrja. Det vil vel taka noko tid, så eg vil tru at etter den timeplanen kan det verta i førsten av mai. Så til spørsmålet om einsidige innrømmelser for jordbruksprodukt. Dette er einsidige innrømmelser som Norge har gitt til Fellesskapet på jordbrukssektoren, på same måte som Sverige og dei andre EFTA-land gjorde det. Når det gjeld spørsmålet om kva «fiskefilet» omfattar, kan eg svara at det etter norsk synspunkt omfattar både mindre foredla og høgt foredla fiskefilet.
Kan jeg få ordet til replikk? Det gjelder tilbaketrekkingslistene. Jeg forstår ennå ikke denne forhandlingstaktikk. Her forlanger man at EF skal legge fram alle sine ting i tilbudsform. Så forhandler man og presser på det, og så kommer vi med vårt forslag. Jeg kan ikke skjønne annet enn at det må være en utmerket måte å låse fast EF's standpunkter på. Det vil jo vise seg om det er riktig. Når det så gjelder tidspunktet for Stortingets behandling av saken, vil jeg høre om man ikke kan si noe nærmere om når Stortinget kan vente å få saken.
Jeg har registrert det som handelsministeren sa innledningsvis om forhandlingsklimaet, og at forhandlingene til nå har forløpt normalt. Det er også reist spørsmål om mandatet er godt nok. Så langt jeg nå skjønner, har man løst problemet med opprinnelsesreglene. Det oppfatter jeg da slik at vi kan få en tilfredsstillende interimsordning om man må gå tilbake med mandatet for en del varers vedkommende. Jeg vil gjerne få bekreftet om min oppfatning av det spørsmålet er riktig, for da reiser spørsmålet seg ikke minst for aluminiumens vedkommende. Jeg har med betydelig interesse lest det som står i notatet akkurat på det punktet, og deler Regjeringens oppfatning når den skriver at man nok må forsøke å få en vesentlig forbedring av plafondordningen, og at man er innstilt på at det kan bli nødvendig å bringe den saken tilbake til Rådet. Jeg vil i den forbindelse rette dette spørsmål: Når man først må bringe én sak tilbake, vil det da være en fordel at det er færrest mulig saker, eller kan man hvis man bringer f.eks. råaluminium inn, da også uten noen særlige problemer bringe inn spørsmålet om halvfabrikata? Slik som det fremgår av skrivet her, er også situasjonen på det punkt etter mitt skjønn noe bekymringsfull. Så jeg vil gjerne for å kunne vurdere det spørsmålet høre handelsministerens uttalelse på dette punkt. Jeg har et spørsmål til, og det gjelder herdet fett og fettsyrer. Jeg forstår Regjeringen slik at man der vil forsøke å sikre tollfrihet på de kvoter som Norge til nå har hatt på eksport til Storbritannia og Danmark som tidligere EFTA-medlemmer. Det er i hvert fall for en del næringers vedkommende et meget sentralt spørsmål, og jeg vil gjerne spørre handelsministeren om ikke det skulle være en sak som på bakgrunn av uttalelser som er falt tidligere, skulle være av de noe mer enkle sakene å løse? Jeg tror det vil bety svært mye for en rekke industrier.
Først til spørsmålet om interimsordninga. Som sagt så forstår vi at den interimsordninga som det no arbeides med i Kommisjonen, og som avgrensar seg til dette med opphavsreglane, vil representera ei tilfredsstillende løysing, men eg vil samstundes gjerne streka under at den interimsordninga ville vi ha hatt behov for sjølv om vi ikkje hadde sluttforhandla før den 1. april, fordi vi ikkje kunne fått ratifisert avtala innan dette tidsintervallet. Det var vel i og for seg allereie i praksis avgjort at vi ville koma i denne situasjonen i og med at Kommisjonen ikkje fekk sitt mandat før den 5. februar. Det andre spørsmålet var om det ville vera ein føremonn med farrast mogleg problem som i tilfelle vert brakte fram til ny rådshandsaming. Til det vil eg svara ja. Eg trur det er vesentleg for eit slikt opplegg at vi ikkje har for mange problem, slik at vi gjennom sjølve forhandlingane har vist at det har vorte gjort eit betydeleg framsteg, og slik at Rådets vurderingar kan konsentrerast om få, men viktige, klårt presiserte problem. At aluminium halvfabrikat vel kan koma til å verta eit slikt problem som må inn der, sjølv om ein der i og for seg hadde føretrekt å redusera talet og ikkje hatt det med, synest for meg klårt. Når det gjeld det tredje spørsmålet, om herda feitt og feittsyrer, er det av dei problem vi reknar med må fram for Rådet. Eg brukte uttrykket - trur eg - «problema på fiskerisektoren» og etter Fellesskapets synspunkt, om ikkje frå norsk synspunkt, er dette eit fiskeriproblem, og det er vanskeleg i dag å tenkja seg at vi kan finna ei tilfredsstillende løysing før etter rådshandsaming, men sikre kan vi sjølvsagt ikkje vera på det. Det er få spørsmål kor eg har inntrykk av at vi møter ein meir kompakt mur enn akkurat når det gjeld herda feitt. Derfor trur eg at einaste praktiske løysing i dag er via tollkvoter på Storbritannia, Danmark og eventuelt Irland, som så vidt vi kan skjøna, har ei anna oppfatning av dette spørsmålet enn «Dei seks».
Hr. Ingvaldsen reiste spørsmålet om hvilken bearbeidelsesgrad det dreier seg om når det gjelder frossenfileten. Jeg la merke til at han fikk det svar fra statsråden at etter norsk synspunkt må det dreie seg om både lite og mye bearbeidede produkter. Nå er vi jo kommet nokså langt i disse forhandlingene, og jeg forutsetter at man også har en viss peiling på hvilket synspunkt EF har på dette spørsmålet, og mitt spørsmål blir da: Har EF det samme syn på begrepet frossenfilet som Regjeringen og den norske delegasjon?
Til hr. Aunes spørsmål er å seia at det frå norsk synspunkt - også i dei skriftlege dokumenta som har vorte overleverde når det gjeld dette - har vorte presisert at vi inkluderer begge posisjonane på frossen fiskefilet, både vanleg frossen fiskefilet og høgt foredla frossen fiskefilet, og det har vorte bedt om Fellesskapet sitt syn på dette spørsmålet. Vi har fått det svar at dette spørsmålet skal ein koma tilbake til.
Hr. formann!
Vi har en meget lang talerliste, og jeg foreslår at vi nå følger den.
Det var bare en replikk. Jeg synes det ville ha vært rimelig om vi hadde fått det svaret med en gang på mitt spørsmål.
Det var en kort replikk, som måtte være tillatt.
Jeg beklager at jeg for min del først fikk i hende de dokumenter som foreligger her, i det øyeblikk jeg gikk til dette møtet, så jeg har ikke fått lest dem igjennom. På den annen side er jeg i tvil om hvor mye en i et møte som dette kan gå inn i de detaljer som foreligger i forhandlingssituasjonen. Stort sett er jo den arbeidsordning lagt opp, at denne komite i det store og hele kommer inn etterhånds i behandlingen av spørsmålene, slik det også nå skjer med den omtalte norske tilbaketrekningsliste. Og da er det i og for seg ikke så svært mye en kan gjøre fra eller til, bortsett fra å bli orientert om det som skjer etter hvert. Jeg skal derfor for mitt vedkommende på dette tidspunkt ikke gå noe inn på detaljer i det hele tatt. Men jeg vil gjerne si noen få ord om hele situasjonen og mulighetene for en sluttføring av disse forhandlingene om en handelsavtale. Jeg tror det ville være av interesse for denne komite å få presisert fra Regjeringens side forholdsvis konkret hva det er den mener å ville oppnå ved å bringe saken inn for Rådet igjen - eller ved å bringe saken opp på det politiske plan, som det heter. Jeg vil ikke på noen måte undervurdere vårt lands betydning, men jeg tror det er nyttig å ha klart for seg under de forhandlinger som nå pågår, at det her dreier seg om en prosess som sannsynligvis fortoner seg annerledes i Oslo enn den gjør i noen annen hovedstad i Europa innenfor det nåværende utvidede EF, og i Brussel. Jeg tror det er nødvendig at vi er klar over at det bare er for oss at dette er en stor sak. For Det europeisk fellesskap er ikke dette noen stor sak. De er sannsynligvis allerede i dag mye sterkere opptatt av en lang rekke andre ting enn av sluttføringen av forhandlingene om en handelsavtale med Norge. Derfor vil det sett fra mitt synspunkt være av interesse om en kan få høre noenlunde konkret hva det er Regjeringen regner med å kunne oppnå ved å bringe saken inn for Rådet igjen - altså hva en da mener å kunne oppnå som en ikke ser seg i stand til å oppnå uten å bringe saken inn for Rådet igjen. Det er der kommet en liten sidefaktor som jeg ikke vet hvilken betydning jeg skal tillegge, men som kan bety noe. Det er at utenriksminister Schumann, så vidt jeg skjønner, nå nettopp har gått av. Han representerer et land som ikke er uten interesse når det gjelder forhandlinger med EF. Nå har vel Schumann, fordi han representerer Frankrike, heller ikke vært den letteste å ha med å gjøre sett i relasjon til norske handelsavtaleforhandlinger. Men jeg er på den annen side ikke sikker på om han er den verste franske utenriksminister som man kan møte i disse forhandlingene, for å si det på den måten. Han har jo den fordel at han har en meget betydelig autoritet og kan svært mye om dette etter mange års deltagelse. Hvis det nå kommer en ny fransk utenriksminister, er jeg ikke sikker på at Frankrike i de nærmeste ukene framover vil være særlig mye lettere å ha med å gjøre enn det har vært hittil. Dette går jeg ut fra at Utenriksdepartementet og Regjeringen kan vurdere bedre enn jeg kan gjøre, men det spiller som sagt også inn her. Men i alle tilfelle - og det er det jeg egentlig vil fram til - har jeg liten tro på at Norge vil oppnå reelle fordeler om forhandlingene videre nå får en utvikling som gjør at de tar lengre tid enn man hadde regnet med. Hvis noe her ligger til rette for en utmattelsestaktikk, så vil det bli en utmattelse av oss og ikke av Fellesskapet. Det er oss denne sak betyr mye for. For Fellesskapet bestyr den lite. Jeg vil meget sterkt understreke det som står på side 1 i det notatet som jeg ser foran meg her nå, at en tar sikte på å sluttføre disse forhandlingene hurtigst mulig. Jeg tror ikke en taper noe som helst på at en tar sikte på å sluttføre dem hurtigst mulig. Jeg begrenser meg for mitt vedkommende nå til først og fremst å presisere det.
Vil noen fra Regjeringen forsøke å gi en vurdering av dette problem?
Eg vil starta med å seia at eg er prinsipielt einig i dei vurderingane som representanten Bratteli kom med. Vi må vera klåre over at denne saka vert tillagd mykje større vekt frå norsk side enn innanfor EF, og at det er lite som talar for at vi har noko å henta gjennom det ein kan kalla ein utmattingsstrategi. Det er då heller ikkje det vi legg opp til. For å ta eit konkret døme: Det vi vil freista for aluminiums vedkomande - då snakkar eg om primær aluminium - som er ei av dei sakene som vi reknar med heilt sikkert må fram for Rådet, er å få løyst på den situasjonen som vart skapt i den augneblinken Ministerrådet konkretiserte plafondordninga i detalj i mandatet den 5. februar, nemleg at det i det heile ikkje har vore forhandlingsmoglegheit, fordi Kommisjonen oppfattar dette som avgjort og fastlåst. Samtidig er systemet, som bryt heilt med systema for plafondane i dei andre avtalene, slik at det etter vår oppfatning fører til resultat som vi tvilar på at Ministerrådet eigentleg har vore klår over då det vart forma ut. Spesielt kan det der peikast på at dei ved å gje ei så låg plafond-opning som 190000 tonn for ei vare der eksporten til Storbritannia og Danmark har vore 100000 - 120000 tonn i det siste, vil gjeninnføra toll på eksporten til tidlegare EFTA-land, av ein slik dimensjon at det må stå klårt i strid med den uttalte målsetjing for Fellesskapet, ikkje å gjeninnføra toll mellom dei tidlegare EFTA-partnerar. Dette er ei sak av så stor rekkjevidde for Norge, og ei sak der vi meiner dei logiske resonnementa er så klårt på vår side, at vi synest det er uforsvarleg ikkje å undersøkja om det er moglegheit for gjennom ei ny rådshandsaming å koma fram til ei meir hensiktsmessig utforming av plafondordninga for aluminium. Korleis vi skal nå fram, er vanskeleg å seia. Det er mykje som tyder på at talet 190000 har vorte litt av eit magisk tal, og at ein kanskje må finna fram til endringar i systemet som kan løysa på dei verste ulempene ved ordninga utan å bryta med opplegget om 190000 tonn. Den utvegen ligg føre. Vi håpar framleis på at det skal vera mogleg både å få opp dette talet på 190000 tonn og å få ei endring i systemet som sikrar oss fortsatt tollfri eksport iallfall av den noverande storleiksorden til Storbritannia og Danmark. Når det gjeld det andre problemkomplekset som vi reknar med no bør fram igjen for Rådet, nemleg fiskerisektoren, synest situasjonen å vera den at det er ein meiningsskilnad mellom Kommisjonen på den eine sida og Ministerrådet på den andre. Det er ting som tyder på at Ministerrådet er meir positivt eller velvillig med omsyn til å sleppa norske foredla fiskeprodukt inn i Fellesskapet med tollreduksjonar enn Kommisjonen har vore. Det gjev seg m.a. det utslaget at Kommisjonen har - etter vår oppfatning - heile tida forhandla ut frå ei minimumstolking av mandatet på det punktet og ikkje utnyttta dei klåre moglegheitene for å gå utover frosen fiskefilet som ligg i formuleringane i mandatet, og som vi har forstått at iallfall einskilde av medlemene av Ministerrådet har lagt i dei. Det som vi heilt konkret vil søkja å oppnå på fiskerisektoren, er å få med pillede reker og hermetikk og å finna fram til ei ordning for herda fett som kan sikra tollfriheit for vår betydelege eksport til den britiske, danske og irske marknad. Det er så nære konkretisert som eg kan gjera det.
Jeg må reservere meg mot den smule kritikk representanten Bratteli kom med for at vi i denne komite alltid får en etterhånds behandling av detaljene i dette problemkompleks. Det ble jo fra utenrikskomiteens side ytret ønske om at Stortinget skulle bli holdt løpende orientert om disse forhandlingene, og det synes jeg Regjeringen har etterkommet meget beredvillig. Som tilhører har jeg det inntrykk at vi nå blir trukket langt mer intimt med i detaljforhandlingene enn vi ble i sluttfasen av medlemskapsforhandlingene, så jeg synes ikke den kritikken som kom fram, er saklig underbygd. Når det gjelder den rolle tidspunktet for framlegging av tilbaketrekningslistene spiller, er det klart at det der kan være ulike vurderinger. Vi må imidlertid ikke tape av syne at det er ikke bare denne sektoren det dreier seg om, men en hel «pakke». Hvordan Regjeringen har vurdert, vet jo de som kjenner forhandlingene. Det er en ting i forbindelse med disse tilbaketrekningslistene som jeg gjerne vil ha avklart, om det er mulig. Handelsministeren refererte til at det er 38 pst. av eksporten fra EF til oss som omfattes av disse listene, mens det er 20 pst. den andre veien. Kan det angis noe beløp, slik at vi kan ha et bilde av hva det betyr i verdi? Disse prosenttallene sier oss ikke så meget. Jeg forlanger ikke noen detaljert eller nøyaktig oppgave, men jeg ville sette pris på å få angitt en størrelsesorden, slik at vi kan ha et bedre bilde av hva det kan bety i verdi for oss. Så nyttet handelsministeren uttrykket «De seks» da han nevnte at EF’s tilbaketrekningsliste omfattet 38 pst. av vår eksport. Det er litt uklart for meg, det er kanskje min feil, jeg kjenner ikke mekanikken så godt - men var det bevisst, f.eks. slik at vi har en kvote fra før på de tre nye medlemslandene som er tidligere EFTA-land, og at de holdes utenfor?
Eg vil ta ein reservasjon, for det har vore arbeidt så mykje med dette i det siste, og eg har ikkje fått følgt så detaljert med, men så vidt eg veit, ligg verdien kring 1,2 milliardar kr. for dei 20 pst. - finrekna ligg det visst på 21-22 pst. Som sagt, eg tek ein reservasjon, for eg vil ikkje verta lasta for det om eg har hugsa gale. Dei 38 pst. vert rekna på vår eksport. Dette gjeld berre tilhøvet til Dei seks, ikkje Dei ni, for i vår tilbaketrekkingsliste er det sagt uttrykkjeleg frå at det er vår føresetnad at ein ikkje byggjer opp att tollmurar overfor Danmark og Storbritannia.
Det gjelder spørsmålet om hva «frossen fiskefilet» står for. Det har jo vært temmelig uklart. I de møtene vi har hatt, har vi aldri fått noe skikkelig svar på det. Jeg forlangte ordet etter å ha hørt hr. Ingvaldsens spørsmål og handelsministerens svar. Handelsministeren svarte at «etter norsk synspunkt» omfattet frossen fiskefilet også høyforedlede fiskeprodukter. Hva betyr det? Nå har hr. Aune allerede kommet meg i forkjøpet og spurt om dette, men etter det svaret som handelsministeren gav på hr. Aunes spørsmål, konstaterer jeg at det faktisk ikke er klart ennå hvorvidt høyforedlede fiskeprodukter kommer inn under «frossen fiskefilet». Og hvis det bare skal gjelde fiskefilet i blokk, og hvis det ikke skal gjelde høyforedlede, gryteferdige produkter, vil jeg si at det er en virkelig dårlig løsning man kommer fram til når det gjelder fiskerisektoren, med tanke på både de fiskeindustriarbeidsplasser vi har langs vår kyst, og de vi eventuelt vil bygge på å få, især når det gjelder den nordlige landsdel.
Dersom eg kan få svara med ein gong, vil eg berre seia at dette ikkje er klårlagt fordi vi ikkje er ferdige med forhandlingane om fisken. Det som kan seiast ytterlegare, er at Island har fått den same tollreduksjon for høgforedla fiskefilet som for hermetikk. Det kan òg nemnast som ein indikasjon på situasjonen at Fellesskapet har frivillig, men etter oppmoding frå Norge, redusert tollen på høgforedla fiskefilet frå 20 til 15 pst. Det gjev vel også litt uttrykk for deira marknadsinteresser i den samanheng.
Her har vært fremsatt en smule kritikk over at Regjeringen ikke tidligere presenterte sin tilbaketrekningsliste i Brussel. Jeg har vanskelig for å følge den kritikken. Norge har jo fra starten av hatt en rekke innvendinger å gjøre mot Ministerrådets opplegg til handelsavtale, og jeg er ikke sikker på at Norge ville ha styrket sin forhandlingsposisjon hvis vi i tillegg til de øvrige norske særkrav også på et tidlig tidspunkt hadde kastet en omfattende tilbaketrekningsliste på bordet. Tvert imot kan man vel spørre seg om ikke det ville ha svekket det inntrykk Norge ville gjøre i Brussel. Jeg er for mitt vedkommende tilfreds med at den utvidede utenrikskomite blir trukket så hyppig og løpende inn i drøftelsene av forhandlingsopplegget. Men det er klart at for oss som hører til i Stortinget, er det uhyre vanskelig å ta stilling til en del av de avveiningsspørsmålene som vi her blir presentert for. Hovedproblemet i dag er om man skal satse på en ny runde i Ministerrådet eller ikke. Avgjørende der må jo være vurderingen av hvor stor sannsynligheten er for at en ny omgang i Ministerrådet kan gi reelle bedringer som man ellers ikke ville ha oppnådd. Det er jo den vurderingen Regjeringen nødvendigvis vil måtte foreta. For meg står det slik at hvis man virkelig har en sterk følelse av at vi kan oppnå konkrete forbedringer for Norge når det gjelder slike saker som aluminium og fisk ved å ta en ny runde, da må en utsettelse på noen uker være verd å ta for å gjøre det forsøket. Den vurderingen blir jo da Regjeringens egen. Jeg vil ubetinget si at hvis man har en sterk følelse av at det er noenting å vinne for Norge på disse områdene, da bør man gjøre det forsøket. Jeg forstod handelsministeren slik at man i tilfelle var innstilt på at man måtte bli klar med forhandlingene før påske, og at Stortinget ville kunne få et dokument med sluttrapporten og sluttresultatet første uken i mai. Jeg vet ikke om man tenker på en melding eller en proposisjon, men det må rimeligvis være mulig å legge til rette en vesentlig del av innholdet i dette stortingsdokumentet allerede før forhandlingene er sluttført, slik at man må kunne sikre at Stortinget ikke får dette senere enn omkring månedsskiftet april-mai. Og kan man innenfor rammen av en slik saksbehandling oppnå reelle forbedringer, vil det etter mitt skjønn være galt ikke å gjøre det forsøket.
Eg vil berre seia at dette med å ha ei sterk føling av at noko er å oppnå, kanskje er litt for markert. Vår vurdering er at det er store og vesentlege spørsmål som står att spesielt på dei to felta aluminium og fisk, og vi har ei kjensle av at våre argument har relativt god gjennomslagskraft, men at vi i stor mon støyter an mot formelle betraktningar. Og når vi då ser dette på bakgrunn av betydninga for norsk næringsliv av å få ei betre løysing på desse områda, har vår vurdering vore at vi ikkje kan la vera å prøva den siste utvegen, nemleg ei ny rådshandsaming når det gjeld aluminium og fisk. Vi er klåre over at vi har ingen garanti på førehand for at vi oppnår noko meir, men betydninga av sakene er såpass stor at vi meiner at ein bør ta dei ulempene som måtte følgja med ei utsetjing.
Efterat jeg forlangte ordet, har debatten beveget seg over på de felter som jeg var interessert i. Jeg skal derfor være meget kort, og bare si at hvis Regjeringen mener at den trenger ekstra tid for å oppnå det best mulige resultat for norske interesser, så deler iallfall jeg for mitt vedkommende ikke det synspunkt at den ikke bør ta den tiden. Jeg forstod at hr. Bratteli ikke var innstillet på at man skulle gå lenger med dette, men det er et synspunkt jeg for mitt vedkommende ikke deler. Jeg må medgi at jeg derimot deler hr. Brattelis syn at det kanskje er svært begrenset hva vi kan oppnå, men det forhindrer selvfølgelig ikke at vi forsøker å oppnå mest mulig. Jeg synes også at handelsministerens siste uttalelse i svaret på hr. Garbos spørsmål tydet på at heller ikke han er overdrevent optimistisk når det gjelder mulighetene for å oppnå forbedringer ved å ta saken tilbake til Rådet. Jeg vil da bare gjerne høre om det er noen motforestillinger mot dette. Med den overgangsavtale som vi nu synes å kunne oppnå, forekommer det meg å være lite å tape. Men er det noen mulighet for at vi ved å ta saken tilbake til Ministerrådet, vil kunne arbeide oss inn i en ugunstigere posisjon, skape et dårligere forhandlingsklima, ved en irritasjon over norsk intensitet i dette arbeide som kan svekke våre utsikter på litt lengre sikt?
Først må eg få lov til å streka under at behovet for ei interimsordning i alle tilfelle vil vera til stades, på grunn av den tida det tek å ratifisera ei avtale. På det andre spørsmålet, om det å la to-tre saker gå tilbake til rådshandsaming kan skapa irritasjon og dermed ein dårlegare forhandlingsposisjon, kan eg svara at det har vore vurdert nøye. Vårt inntrykk i dag er at det ikkje vil gjera det, fordi Kommisjonen utan vidare vedgår at «for aluminium har vi ikkje hatt høve, det nyttar ikkje å overtyda oss, for vi har ikkje den bevegelsesfridomen som skal til». Litt av det same har vi inntrykk av gjer seg gjeldande på fiskerisektoren, at dei vedgår at slik som det heile ligg til, er det sterke argument frå norsk side. Dette er uoffisielle utsegner som har falle på forskjellige plan, men det er ikkje anna vi kan byggja på i ei slik vurdering.
Jeg vil gjerne få komme med en tilleggsbemerkning. Jeg er enig i at man går videre og bringer saken tilbake til Rådet. Men jeg vil gjerne også få lov til å presisere at det ikke bør gå lengre tid enn strengt nødvendig her, for det er også andre faktorer enn akkurat overgangsbestemmelsene som er med på å skape usikkerhet. Jeg mener det må være Regjeringens forutsetning at forhandlingene sluttføres så raskt som mulig efterat Rådet har hatt saken tilbake til behandling.
Det sentrale i disse drøftingene er spørsmålet om Norge skal gå inn for å forsøke å få mandatet opp i Rådet. I den anledning er det kanskje nødvendig å peke på at det ikke er noe Norge bestemmer. Og jeg vil gjerne høre: Er det fra Kommisjonens side gitt noe tilsagn om at den er villig til å bringe mandatet på ny inn for Rådet når det gjelder de punktene som man her tar sikte på? Det er jo et nokså vesentlig punkt når man diskuterer denne problematikken, å vite om det overhodet er vilje til å bringe denne saken inn for Rådet igjen, hos dem som kan gjøre det. Det er for meg et nokså avgjørende spørsmål. Så går jeg ut fra etter det handelsministeren har sagt, at man har totalvurdert virkningene av å bringe mandatet inn for Rådet, dersom man har fått tilsagn om at det er mulig. Jeg går ut fra at man også har vurdert risikoen for eventuelle tilstramminger f.eks. når det gjelder aluminium. Jeg tenker her på de forslag som svevet rundt omkring før mandatet ble utformet, hvor man jo vet at franskmennene gjerne ville ha 11 års overgangstid for aluminium. Jeg går ut fra at man har vurdert risikoen og ser bort fra at slike ting kan oppstå. Når det gjelder spørsmålet om å bringe fisken inn for Rådet igjen, går jeg ut fra at det også vil være av nokså stor interesse å få rede på hva Norge underhånden akter å tilby for å få ytterligere lettelser når det gjelder fisk. Jeg kan ikke tenke meg at man går ut fra at man kan få et nytt mandat fra Rådet når det gjelder fisk, liksom bare for at Rådet på en eller annen måte skal være hyggelig mot oss. Jeg går ut fra at man også har vurdert og underhånden akter å gi beskjed om hva det er man vil gi for å få slike lettelser. Jeg går ut fra at Regjeringen har vurdert fordelen ved å trekke forhandlingene utover 1. april. Jeg hadde et bestemt inntrykk av at Kommisjonens medlem Soames i en uttalelse forutsatte at man skulle være ferdig med forhandlingene til rådsmøtet 2. april. Jeg går da ut fra at man har vurdert hvordan en utsettelse vil virke. Det er klart at interimsordningen i og for seg er tilfredsstillende når det gjelder en slik utsettelse, men det er helt andre og politiske vurderinger man her må legge inn. For det første må man vurdere virkningene av den faktiske endring man kan regne med å få innen fransk utenrikspolitikk. Og for det andre noe som jeg for min del legger meget stor vekt på - må man vurdere hva som kan komme ut av de forberedende samtaler før drøftingene mellom USA og Fellesskapet. Jeg tror man skal tillegge det synspunkt meget stor vekt at man bør være nådd fram i forhandlingene før disse partene møter hverandre for å begynne diskusjonen. Etter de første diskusjoner der regner jeg med at man kan få betydelige vanskeligheter med å oppnå bedre resultater for Norge. Jeg er også litt skremt av det som ble meldt fra Danmark i går, som i grunnen fortalte at jo lenger tid det går, jo flere pressgrupper vil tre i virksomhet i de andre land. Man ser jo den uttalelsen som Dansk Fiskeindustris forening nå er kommet med overfor den danske regjering, og som Nørgaard har tilbakevist. Men enhver som opererer i land med fiskerorganisasjoner, vet at man ikke kan stå noe særlig lenge mot det presset. Ingen regjering gjør det. Jeg tror man skal være meget oppmerksom på det forhold at her trer pressgrupper i virksomhet, lobbygrupper av forskjellig sort som vi vet opererer i EF, og hvis vi igjen bringer aluminiumsspørsmålet og den franske lobbyvirksomhet inn i bildet, kan vi få overraskelser. Men som sagt, jeg går ut fra at Regjeringen har vurdert dette totalt. Det jeg er interessert i å vite, er: Har man fått tilsagn om at deler av mandatet kan bringes fram for Rådet 2. april? Og for det andre: Hva er det Norge underhånden kan tenke seg å gi uttrykk for å gi for å få lettelser på et slikt område som fiskerieksport?
Til det første spørsmål - når det vart formulert så stringent som hr. Guttorm Hansen gjorde nå - må eg svara nei. Vi har ikkje fått noko tilsagn, men det har etter vår meining vore klåre indikasjonar frå Kommisjonen si side på at dei skjønar at det kan verta nødvendig å gå tilbake til Rådet med eit par spørsmål. Og eg vil gjerne understreka at når vi snakkar om å gå tilbake til Rådet, gjer vi det ut frå ein forhandlingssituasjon, der vi meiner å ha avklåra så mange spørsmål at det er heilt klårt at det er gjort vesentleg framgang i forhandlingane. Vi har kome til eit nivå der det er klårt at det vil verta avtale. Når det gjeld dette med fisken, vil eg berre svara at vi har for så vidt ikkje detaljert gjennomdrøfta situasjonen vi får når det er klårt at spørsmålet om fisken skal tilbake til Rådet. Det er enno 14 dagar igjen, det kan i mellomtida henda ting som kan skapa endring i situasjonen. Eg vil elles berre understreka at når vi har fått med fisk så langt som det er kome med i mandatet, er det ikkje berre for å vera hyggelege mot oss at det er gjort. Det vart frå den andre sida gjeve klårt uttrykk for at det var i engelsk interesse at f.eks. frossenfilet kjem med i avtala.
Komiteens medlemmer er selvsagt alle lykkelige og glade over å høre om den gjennomslagskraft de norske argumenter har når det gjelder aluminium og fisk. Og på tross av det som har skjedd blant danske fiskere, håper jeg at hvis saken kommer opp til ny behandling i Ministerrådet, vil vi kunne møte en høy grad av forståelse både fra danskenes og britenes side. Som handelsministeren pekte på, er det her ikke bare spørsmål om å være hyggelig med oss, men de har også sine egne interesser knyttet til dette. Men her står vi overfor et annet problem, for det er ikke danskene og britene som alene bestemmer i Brussel. Problemet er vel hva de ni samlet kan bli enige om. Og da har jeg et spørsmål: Har man fått noen form for oppmuntring i København eller London om å forsøke denne taktikken? En ting er at man kan regne med å få støtte hvis saken kommer opp, men spørsmålet er om man i København eller London - jeg går ut fra at vi har våre beste venner i de hovedstedene - har følelsen av og mener at Norge har så mye å hente at det er verd å ta denne sjansen. For - som det jo er kommet tydelig fram både fra hr. Bratteli og hr. Guttorm Hansen - det kan også reises motforestillinger mot denne tanken. En annen ting, jeg har ennå ikke hørt noen virkelig reaksjon fra Regjeringens side på det problemkompleks som hr. Bratteli rullet opp i forbindelse med utenriksministerskiftet i Frankrike. Har den siden av saken vært vurdert?
Beklageligvis har ikke det spørsmål vært vurdert, først og fremst fordi det var først i går at i hvert fall jeg ble kjent med at Schumann ville tre av. Det er jo så ferskt at man ikke har hatt anledning til å sette det inn i denne sammenheng. Hvorvidt hr. Brattelis filosoferinger omkring det spørsmål kan vise seg å slå til, at man kan risikere at det snarere blir et vanskeligere Frankrike å ha med å gjøre enn under Schumann, er umulig å vite, bl.a. før man vet hvem som blir hans etterfølger. Iallfall kan en vel tenke seg at når det gjelder en slik interimsperiode for Frankrike med skifte av utenriksminister, vil det i det hele være svært vanskelig for oss å gjøre oss opp noen begrunnet mening om virkningene av et slikt skifte akkurat i denne fase av forhandlingene. Når det gjelder spørsmålet om å bringe enkelte vanskelige spørsmål inn for rådsmøtet 2. og 3. april, er det noe som Regjeringen ikke har tatt endelig standpunkt til i dag. Det avhenger i høy grad av utviklingen i de nærmeste dager og uker, bl.a. av de møtene som skal holdes den 19. og 23. mars, hvoretter man vil få et bedre bilde av hvilke spørsmål som står igjen uløste, og som vi ønsker å få en forbedret løsning på. Det kan jo tenkes at stedfortrederkomiteen kan få en utvidet fullmakt til å forhandle videre på et forbedret mandat. Det er jo spørsmål som man må vurdere under marsjen, så jeg tror ikke det går an i dag å si at det er så avgjort at den norske regjering kommer til å bringe enkelte vanskelige spørsmål inn for rådsmøtet 2. og 3. april.
Det var en liten replikk. Jeg er ikke akkurat forvent med å få svar på spørsmål som stilles her i den utvidede utenrikskomite til Regjeringen, men jeg reiste spørsmålet om man har fått noen form for oppmuntring fra København eller London om å slå inn på denne tanke.
Det var et konkret spørsmål til handelsministeren eller utenriksministeren.
Når representanten Oftedal beklager at han ikkje er forvent med å få svar på spørsmål, vil eg seia at det er jo enkelte spørsmål som det iblant er litt vanskeleg å svara på. Dersom han med oppmuntring meiner om vi har fått ei oppmoding frå Danmark og England, har vi ikkje fått det. Regjeringa har vurdert dette spørsmål ut frå dei kunnskapar ein sit inne med, og også ut frå ei kjensle av korleis dei forskjellege land ser på det som har hendt under forhandlingane, i relasjon til det dei meinte då dei var med og forma mandatet den 5. februar. Vi har ikkje spurt engelskmennene eller danskane direkte kva dei meiner om det, men vi har prøvd å vurdera det, også på bakgrunn av inntrykk og opplysingar som vi har fått om danskanes og engelskmennenes standpunkt. Det er mykje mogleg at ein skal leggja spørsmålet meir konkret fram for den engelske og danske regjeringa i ein eller annan fasong før ein tek det endelege standpunkt. Det har vi ikkje vurdert, men det kan godt henda det bør gjerast.
Jeg vil gjerne ta mitt utgangspunkt i det utenriksministeren nettopp nå sa, at hvis det ikke blir noe tilfredsstillende resultat med hensyn til de videre forhandlinger på de møter som er fastsatt til 19. og 23. mars, må vel Regjeringen ta endelig standpunkt til om den skal bringe saken fram for rådsmøtet 2. april for å få et endret mandat. Jeg vil gjerne gi min tilslutning til det. Etter min mening må det være innlysende at hvis man ikke får tilfredsstillende løsning av enkelte av de spørsmål vi har snakket om her nå, bør de bringes inn for Rådet igjen, spesielt når man regner med - slik det er fremstilt i notatet her - at det ikke vil forsinke det hele så meget. Hvis både fiskeriavtalen og aluminiumsspørsmålet fremdeles står i stampe etter de to nevnte møter, mener jeg det ville være en forsømmelse av Regjeringen hvis den ikke gjør noe politisk fremstøt overfor rådsmøtet. Hvis det skulle utvikle seg dithen at man ikke får et tilfredsstillende svar på om også høyforedlede produkter kommer inn under begrepet frossenfilet, har vel dette med frossenfilet neppe noen interesse, sa kan man kanskje like godt holde fiskeriavtalen utenom. Så viktig mener jeg det er å få foredlede produkter inn i bildet; jeg tenker her på fiskeriindustrien, på Frionor og det hele. Vi er nødt til å få med foredlede produkter hvis en fiskeriavtale skal ha noen verdi. Det er et så viktig spørsmål at det bør bringes opp på det politiske plan. Og likeledes når det gjelder dette med aluminium - det er vel det spørsmål som er det essensielle i forbindelse med dette møtet - har det vel mindre hensikt å drøfte og i og for seg beklage at det ser ut til å bli vanskeligheter med handelsavtalen her. Vår intensjon må være å gjøre mest mulig ut av handelsavtalen, og da synes i hvert fall jeg at jeg vil gi det råd til Regjeringen at den bringer saken fram for Ministerrådet hvis det ikke blir en tilfredsstillende utvikling med hensyn til dette spørsmål. Når det gjelder den motstand man har møtt fra Danmark, har også jeg undret meg over det; og hvorvidt det kan komme til å spille inn i de videre forhandlinger, er ikke godt å si. Vi må bare notere oss det faktiske forhold at når det kommer til stykket, får vi ikke mye hjelp verken derfra eller av andre. Vi får når det gjelder fiskerisektoren, i denne omgang lite på at Storbritannia har felles interesse med oss med hensyn til frossen fiskefilet.
Når det er spørsmål om å bringe mandatet inn for Rådet igjen, er det klart at vår hensikt er å oppnå innrømmelser. Samtidig legger vi fram vår tilbaketrekkingsliste som i og for seg er et krav fra vår side. Hvorvidt dette er en gunstig situasjon for å oppnå reelle innrømmelser på viktige områder må Regjeringen avgjøre. Når det så gjelder handelsministerens argument, at Norge ønsker ikke toll mellom tidligere EFTA-land, er dette vel og bra. Og jeg kan tenke meg at det passer godt for England når det gjelder frossen fiskefilet. Men etter min mening er det vel nokså sannsynlig at England ikke har noe imot å få toll på aluminium. Jeg tror en del av forklaringen på hele det spørsmålet ligger nettopp i de engelske forholdene.
Handelsministeren opna møtet her i dag med å seia at det ikkje var noka krise i forhandlingane. Og eg har av dei innlegga han har hatt seinare, forstått det slik at han framleis er optimistisk når det gjeld vilkåra for å nå fram til eit brukbart resultat i handelsdrøftingane. Det var tydeleg at handelsministeren er optimistisk, og det treng ein verkeleg å vera når ein ser på desse papira som vi har fått utleverte her, dersom ein ikkje skal fortvila når ein ser dei problem viktige norske industrigreiner får på grunn av det forhandlingsresultat ein har kome fram til. Ut frå at han ser så optimistisk på dette og er klår over dei verkeleg store problem ein står framfor, dersom ein ikkje kan få betre vilkår f.eks. for råaluminium og vidareforedla produkt av aluminium, har i alle høve eg ikkje noko anna råd å gje enn at dersom Regjeringa sjølv vågar ta ansvaret for å legga dette spørsmålet fram for Rådet på nytt, treng vi i alle tilfelle nytta alle dei høve som finst til å få betre vilkår. Men eg vil gjerne streka under at det må vera Regjeringa sjølv som har hovudansvaret. Det er heilt uråd for oss å kunna gje eit skikkeleg gjennomtenkt og grundig råd i denne saka. Eg har òg lyst til å peika på spørsmålet om attendetrekkingsliste som har vore framme her, seinast av representanten Ingvaldsen. Der står ein framfor akkurat det same problemet. Det er uråd for oss her i dag å veta for det første om det er klokt å legga fram denne lista, og for det andre om dette vil føra til fordelar for norsk industri som er større enn dei problem som forbrukarane eventuelt vil ha. I det heile er det vanskeleg der òg å gje råd. Eg vil då berre konkludera med at det framleis må vera klårt at det er Regjeringa som har hovudansvaret for at ein får ein så brukbar handelsavtale som det er råd å få for alle desse viktige sider av vår industri.
Jeg har ikke mye å føye til. Jeg forstår det slik nå at man i dag har en sjanse for at forhandlingsklimaet ikke forverres stort ved at man vurderer å bringe inn en del punkter for Rådet på nytt, og at heller ikke ulempene ved en utsettelse av avgjørelsen til påske er store på den kanten. Som flere andre har vært inne på, har Regjeringen iallfall en viss tilslutning i komiteen til at den bør vurdere dette seriøst. Naturligvis er det ingen tvil om at det er Regjeringen som har ansvaret. - Hele ansvaret, sier hr. Ingvaldsen. - Jeg får føye til det. - Likevel går konsultering av denne komite inn i prosedyren, og jeg vil slutte meg til dem som har gitt uttrykk for at Regjeringen bør vurdere dette. Hvis det i det hele tatt er indikasjoner på at vi kan forbedre en handelsavtale ved å forlenge forhandlingsfasen litt, er jeg tilhenger av det. Naturligvis vil det være verdifullt hvis man kunne få tilsagn, som hr. Guttorm Hansen var inne på. Hvis en ikke kan få det - jeg forstår det ikke er mulig å få klare tilsagn - må en bygge på indikasjoner og følelser.
Hr. Fjeldvær er neste taler. Før jeg gir ordet til hr. Fjeldvær, får hr. Guttorm Hansen ordet for å oppklare en misforståelse.
Det er vesentlig av hensyn til protokollen. Jeg har overhodet ikke nevnt at Regjeringen på forhånd skulle sikre seg tilsagn om at de skulle få bedring ved å bringe saken inn for Rådet. Jeg er fullstendig klar over at det kan man ikke forlange. Det jeg spurte om, var om man hadde fått tilsagn om at saken overhodet kan bringes opp i Rådet igjen. Det var det handelsministeren også svarte på, så vidt jeg forstod.
Det er et spørsmål for å unngå en misforståelse fra min side. Jeg har forstått handelsministeren slik at Regjeringen vurderer alvoret når det gjelder råaluminium, såpass sterkt at den i alle tilfelle vil ha det spørsmålet opp i Rådet på nytt. Nå sier imidlertid utenriksministeren at Regjeringen i det hele tatt ikke har tatt standpunkt til om den skal legge noen spørsmål fram for Rådet. Jeg håper den misforståelsen kan oppklares.
Det er ingen meiningsskilnad mellom det utanriksministeren sa, og det eg har sagt. Det eg prøver å få fram, er at ut frå den situasjonen som er i dag, og dei vurderingar som Regjeringa har gjort, er Regjeringa innstilt på at råaluminium må fram for Rådet igjen. Men vi har, som utanriksministeren seier, ein del forhandlingsdagar igjen, og det kan henda ting då som syner at dette spørsmålet kan løysast utan å gå om Rådet. Dersom ein f.eks. via COREPER kan løysa på den bindinga som Kommisjonen tydeleg oppfattar at den har fått når det gjeld plafonda for råaluminium, er situasjonen ein annan, og det kan då vera at det ikkje er aktuelt å gå tilbake til Ministerrådet.
Det var hr. Brommeland som sa at det ville være en forsømmelse av Regjeringen ikke å ta saken opp på nytt. Så enkelt er det vel ikke. Regjeringen må her vurdere hva den vil oppnå av fordeler ved å ta saken opp på nytt og derved trekke forhandlingene i langdrag, mot hva den eventuelt vil tape. Dette er den reelle problemstilling som Regjeringen må ta stilling til. Jeg har et par spørsmål i den forbindelse. Handelsministeren gav uttrykk for og det står i notatet - at om man tar opp spørsmålet om å få en endring av mandatet, vil man likevel kunne sluttføre forhandlingene før påske, og at dette ikke er å trekke forhandlingene i langdrag, det vil ikke bli oppfattet slik. Men hvilken fremdriftsplan bygger man på fram til påske? Dette har også litt forbindelse med EF's egne møter. Det var det ene spørsmålet. Det andre spørsmålet har forbindelse med det som det britiske kommisjonsmedlem Soames sa i sin rapport til Ministerrådet, som hr. Guttorm Hansen var inne på, og utenriksministeren berørte. Soames gav uttrykk for at de endringer i mandatet som kunne være nødvendig, kunne eventuelt foretas av COREPER. Har man vurdert den muligheten? Hvis det er tilfelle, vil man iallfall lettere kunne unngå forsinkelse.
Når eg sa at vi reknar med, sjølv om eit par, tre spørsmål måtte fram for Ministerrådet, at vi skulle kunne makta å vera ferdige med forhandlingane til påske, byggjer det på at vi reknar med å ha avklåra ein del spørsmål før 2. april, slik at det står att to, tre spørsmål, eller kor mange det måtte vera, som skal ministerrådsbehandlast. Med den avgjerande myndigheit som Ministerrådet vil ha her, reknar vi med at det er etter måten små forhandlingsmarginar igjen når det gjeld dei spørsmåla, etter at dei har vore behandla i Ministerrådet, slik at sjølve den avsluttande forhandlinga som kjem etter Ministerrådet, vil vera etter måten enkel og lite tidkrevjande, sjølv om det sannsynlegvis vil vera igjen ein del tekniske spørsmål som tek noka tid. Når det gjeld dette med endring via COREPER, held vi, som eg sa i mitt svar til hr. Fjeldvær, ope sinn for at den situasjonen kan oppstå. Dersom den gjer det, og dersom COREPER etter forangåande konsultasjon bakover finn at dei kan løysa på dei sterke bindingane som Kommisjonen oppfattar å ha fått, kan situasjonen verta ein annan, og vi kan kanskje nå fram til ei avslutting før 1. april. Men for augneblinken vurderer vi det slik at det er etter måten små sjansar for det.